Frode Grytten Beat Band

Frode Grytten: – Regnet er Bergens stoltheit. Regnet er vårt våte halleluja. Hardt regn. Kaldt regn. Sommarregn. Høljregn. Pissregn. Plaskregn. Vanlig regn. Regn, regn, regn.

Neste visninger

man 14. nov 20:00 Store Scene
Se alle visninger
Sjanger: Lyrisk-musikalsk
Spilletid: Ca. 1 time og 40 minutter, ingen pause
Passer for: Alle aldre

Frode Grytten: – Regnet er Bergens stoltheit. Regnet er vårt våte halleluja. Hardt regn. Kaldt regn. Sommarregn. Høljregn. Pissregn. Plaskregn. Vanlig regn. Regn, regn, regn.

Frode Grytten Beat Band hyllar både regnet og regnbyen i denne lyrisk-musikalske forestillinga der poesi og musikk driv inn på hovudscena. Publikum får servert klassikarar frå mellom andre Tom Waits, Flaming Lips, The National, Leonard Cohen, alt i nytappa og overrumplande versjonar.

Frode Grytten Beatband kom til verda 15. oktober 2008. Då skulle Frode Grytten eigentlig halde foredrag om beatpoesi og jazz. Men, ahhh, kom igjen! Eit foredrag? Pingvin-støv! Analysemodellar! Show it, don’t tell it. – Det endte med at vi leverte ut to A4-ark før vi spelte ein times konsert. Applaus. Suksess, forklarar Frode Grytten.

Sidan har de heldt frem som meir enn eit illustrert foredrag. Først nytta dei dikt av beatpoetana Ginsberg, O’Hara, Corso, Kerouac. Etterkvart har dei tatt til å bruke eigne tekstar og plukka opp songar dei har eit tett tilhøve til: Velvet Underground, Talking Heads, Morphine, Peter Gabriel, The Clash, Bruce Springsteen.

Denne kvelden på DNS handlar det altså om regnet og Bergen - velkommen!

Foto: Helge Skodvin

Frode Grytten Beat Band
Pedro Carmona-Alvarez (song, gitar)
Annlaug Børsheim (song, fele, gitar)
Ivar Thormodsæter (trommer)
Einar Sogstad (piano)
Michael Barnes (saksofonar)
Anders Bitustøyl (bass)
Frode Grytten (røyst)

Store Scene mandag 14. november 2016!

Ingen skuespillere

Ingen forestillinger