Mandagsgjester: Frode Grytten m/band

Frode Grytten: -Denne kvelden på DNS blir første gongen vi presenterer eit heilt program som handlar om Heimen, om å vere heime, om å reise heimefrå, om å lengte heim, om å elske og hate i heimen. Heime bra, heime best?

Neste visninger

  • Ingen tider
Sjanger: Ikke oppgitt
Spilletid: Ikke oppgitt
Passer for: Ikke oppgitt

Frode Grytten: -Denne kvelden på DNS blir første gongen vi presenterer eit heilt program som handlar om Heimen, om å vere heime, om å reise heimefrå, om å lengte heim, om å elske og hate i heimen. Heime bra, heime best?

Frode Grytten Beatband kom til verda 15. oktober 2008. Då skulle Frode Grytten eigentlig halde foredrag om beatpoesi og jazz. Men, ahhh, kom igjen! Eit foredrag? Pingvin-støv! Analysemodellar! Show it, don’t tell it. – Det endte med at vi leverte ut to A4-ark før vi spelte ein times konsert. Applaus. Suksess, forklarar Frode Grytten.

Sidan har de heldt frem som meir enn eit illustrert foredrag. Først nytta dei dikt av beatpoetana Ginsberg, O’Hara, Corso, Kerouac. Etterkvart har dei tatt til å bruke eigne tekstar og plukka opp songar dei har eit tett tilhøve til: Velvet Underground, Tom Waits, Talking Heads, Flaming Lips, The Clash, Bruce Springsteen.

På DNS handlar det altså om Heimen. Men: Nok preik, ok? Beat! Det skal bli gylne sardiner & avkledde hjernar, det skal bli Amerika med vestlandsbeat. You feel it, the beat in a jazz, real cool jazz. Hør etter på eigen risk!

Frode Grytten Beatband: Frode Grytten (røyst), Pedro Carmona Alvarez (vocal, gitar), Annlaug Børheim (vocal. Fele, gitar), Ivar Thormodsæter (trommer), Ole Amund Gjersvik (bass), Einar Sogstad (tangentar), Michael Barnes (saksofon, fløyte, klarinett).

Store Scene mandag 30. november.

Ingen skuespillere

Ingen forestillinger