Bondestudentar

Framsyninga er bygd som ”Eit møte mellom bondestudentane Daniel Braut og Liv Hatle".

Neste visninger

  • Ingen tider
Sjanger: Ikke oppgitt
Spilletid: Ca. 1 time og 30 minutter, ingen pause
Passer for: Ikke oppgitt

Framsyninga er bygd som ”Eit møte mellom bondestudentane Daniel Braut og Liv Hatle".

Daniel er hovudpersonen i Arne Garborg sin roman frå 1883. Om lag halve framsyninga er
utdrag av originalteksten om bondeguten som drøymer om å arbeide seg opp i embetsklassen, men misser eigne røter og sjølvstende på vegen og til slutt  må ”selje seg”.

Liv er forteljaren sjølv. Den andre halvparten av framsyninga er hennar refleksjonar over eigen oppvekst og livserfaring som landsjente og bondestudent,   midtvegs mellom Garborg si tid og vår eiga. Enno i dag lever vi med kulturell og språklege undertrykking, seier ho mellom anna.

Garborg sine tekstar vert framførte på hans nynorsk. Liv Hatle sine tekstar vert framførte på munnleg Romsdalsmål. Slik vert framsyninga også ein demonstrasjon av samsvaret mellom nynorsk og dialekt. 

I samarbeid med Bergen, Hordaland og Fana Mållag.

Manus og forteljar: Liv Hatle Scenografi/teknikk: Jan Holden
Regi: Arvid Ones

Premiere på Lille Scene 12. juni.

 

Ingen skuespillere

Ingen forestillinger