Riv og slit i kvardagen

19. januar 2017

– Det å bli foreldre kan vera fantastisk og utfordrande på same tid. Kjærleiken er stor, men avmakta kan vera stygg, seier Olaug Nilssen.

I «Stort og stygt» møter me to heilt vanlege nabopar. Begge ventar barn, men kontrasten mellom dei er stor. Medan Silje og mannen Ole har romantiske og kanskje litt naive forventingar til det å bli foreldre for første gang, har naboparet ein liten son frå før. Og foreldrelivet er alt anna enn idyllisk.

– Paret går gjennom ei erkjenning om at det er noko annleis med barnet deira. At han ikkje er heilt som alle dei andre. Det er etter mi meining hovudtematikken i stykket: erkjenninga og møtet med omgjevnadane, seier forfattar Olaug Nilssen.
Stykket hennar «Stort og stygt» blei skrive til Det norske teateret sitt hundreårsjubileum i 2013. No får husdiktaren til Den Nationale Scene i Bergen sjå skodespelet på heimebane i Alan Lucien Øyen sin regi.

– Eg er sjølvsagt veldig glad for at stykket kjem opp igjen, og eg gler meg til å sjå kva retning DNS har valt å gje forteljinga denne gongen.

Sårt, varmt og humoristisk
Olaug Nilssen har tidlegare hatt suksess med skodespela «Få meg på for faen» og «Vi har så korte armar», der oppvekst i distrikta og bygdestudenten sitt møte med byen er tema. No har forfattaren teke steget over i ein ny livsfase. Familielivet har byrja, med sine utfordringar, sorger og gleder.

«Stort og stygt» er moderne kvardagsdramatikk. Sårt, varmt og ikkje minst humoristisk. Om kor angstfylt og lite glamorøst livet som småbarnsforeldre kan vera. Og ikkje minst, kor lett det er å meina noko om korleis naboane dine burde takle barnet sitt som skrik heile natta. Olaug Nilssen er kjend for å skildra kvardagen slik han er. Direkte og rett på. Ho syner dei fine sidene ved det å bli foreldre, men og alle vanskane og utfordringane. Det er ikkje alltid læreboka stemmer med praksis.

– Sjølv om mykje av det som skjer i karakterane sitt liv er utfordrande, er det viktig å kunne le av vanskelege ting. Humor er frigjerande, meiner ho.
Stykket har herlege spark til alle velmeinte råd og litteratur, som skal fortelja oss korleis barn skal bli møtt av foreldra sine i alle moglege situasjonar. Samstundes kjenner me igjen ein uro og angst for alt som kan gå gale. For at ein ikkje strekkjer til som foreldre.

Ei opning til å snakka om det vanskelege
Tematikken i «Stort og stygt» ligg forfattaren sitt eige hjarta nær. Ho har sjølv eit barn med diagnosen autisme. Nilssen understreker at forteljinga ikkje er sjølvbiografisk, men legg til at ho ikkje kunne ikkje ha skrive om temaet utan eigne opplevingar å leggja til grunn.

– Eg har freista å setta ord på den kjensle av sorg, men og av stor kjærleik som me har opplevd i vår eigen situasjonen, seier ho, som håper at «Stort og stygt» kan vera med på å skapa ei opning til å dela ein viktig erfaring om å vera foreldre til eit annleis barn.

Sjølv hadde Olaug Nilssen trong for å etablera eit rom der ein kunne snakke om det vanskelege, kor angstfylt og lite idyllisk småbarnslivet kan vera. Særleg når det barnet ditt ikkje har høve til å møta alle forventningane frå eigne foreldre og omverda.

Nilssen har skrive om utfordringane i det moderne familielivet før, i intervjuboka «Kjøkkenbenkrealisme – ærlege historier om tidsklemma». I «Stort og stygt» tek ho opp meir kontroversielle spørsmål, som til dømes når Maria lurer på om ho bør få tidleg ultralyd eller når Sverre innrømmer at han ikkje gler seg til å bli pappa for andre gong.

– Eg trur det er mykje skam knytt til det å snakka om vanskane i småbarnslivet generelt, men spesielt blir det tøft om du har eit barn som er funksjonshemma. Eg meiner det må gå an å vera open om at det som er vanskeleg, snakke om det, utan at det tyder at du ikkje er glad i barna dine, seier forfattar Olaug Nilssen.


Fakta/Olaug Nilssen:

·         Fødd i 1977 og kjem frå Solheimsdalen i Førde, men bur no i Bergen.
·         Ho debuterte med romanen «Innestengt i udyr» i 1998.
·         Andre bøker frå forfattaren er: «Vi har så korte armar» (2002), og særleg kjend er Nilssen for romanen «Få meg på, for faen» (2005) som òg er filmatisert. Nilssen har skrive barneboka «Ronnys rumpe» (2004), og essaysamlinga «Hybrideleg sjølvgransking» (2005). I 2009 kom boka «Nesten frelst av Sigvart Dagsland», og intervjuboka «Kjøkkenbenk realisme. Ærlege historier om tidsklemma» i 2012.

·         I 2006 debuterte Nilssen som dramatikar med stykket «Skyfri himmel» på Rogaland teater. Framføringa er bygd opp kring songar av Bjørn Eidsvåg. Også romanen «Få meg på, for faen» er dramatisert og blei spela for første gong på Det norske teater i 2007.

·         I 2004 blei Nilssen kåra av Morgonbladet til ein av dei ti mest interessante forfattarane under 35 år, og i 2005 fekk ho Bergensprisen for boka «Få meg på, for faen».

·         Nilssen har blant anna vore leiar på Skrivekunstakademiet i Bergen.

 

 

 

 

 

Anmelderne uenige om Jeppe

Anmelderne uenige om Jeppe

24. mars 2017
Tags: Anmeldelser

5 i Dagbladet, 4 i BA og en 2-er i BT. Anmelderne er ikke akkurat samstemte i sin dom etter premieren på "Jeppe på Bjerget". Men en ting er de imidlertid enige om: Eirik del Barco Soleglad gjør en formidabel god Jeppe.

Ibsenprisen til Vår ære/vår makt

Ibsenprisen til Vår ære/vår makt

23. mars 2017
Tags: Nyheter

Tore Vagn Lid og Cecilie Løveid ble tildelt prisen på 150.000 kroner under en festkveld på Ibsenhuset i Skien i går kveld. "Vår ære/vår makt" hadde urpremiere på Den Nationale Scene 29. januar 2016, og tas opp igjen fra 30 . september i år.

I gode dagar, i vonde dagar

I gode dagar, i vonde dagar

23. mars 2017
Tags: Nyheter

Albert & Anna har levd mesteparten av livet i lag, og veit no at den verdefulle tida saman går mot slutten. Her skriv Frode Grytten om den vakre kjærleiksskildringa som har urpremiere i mai.

Video Jeppe-trailer

Jeppe-trailer

20. mars 2017
Tags: Video

Rollen som Jeppe i Holberg-komedien "Jeppe på Bjerget" er ikonisk. Nå er det Eirik del Barco Soleglad som har overtatt stafettpinnen i rollen som den berømte drukkenbolten. Her er traileren!

Video Soleglad om Jeppe-rollen

Soleglad om Jeppe-rollen

16. mars 2017
Tags: Video

Eirik del Barco Soleglad skal ha den ikoniske rollen som Jeppe i Holberg-klassikeren "Jeppe på Bjerget" på Store Scene fra 23. mars. Her får du vite hva han mener om det.

På med hele sanseapparatet

På med hele sanseapparatet

13. mars 2017

Som drukkenbolten Jeppe skal Eirik del Barco Soleglad få publikum til å fryde seg og le med klump i halsen.

AVLYST FORESTILLING

AVLYST FORESTILLING

03. mars 2017
Tags: Nyheter

Den Nationale Scene beklager sterkt at forestillingen "Stort og stygt" er avlyst fredag 3. mars og lørdag 4. mars, og hele siste spilleuke (uke 10) på grunn av uforutsette hendelser. De som har kjøpt billett vil bli kontaktet av billettkontoret i løpet av dagen.

Video Danny-premiere: Se og hør barnas dom

Danny-premiere: Se og hør barnas dom

02. mars 2017
Tags: Video

Se og hør barnas dom etter norgespremieren på "Danny og den store Fasanjakten" 1. mars.

Video Møt dukkene i Danny

Møt dukkene i Danny

24. februar 2017
Tags: Video

"Danny og den store Fasanjakten" har norgespremiere på Store Scene onsdag 1. mars. I denne videoen får du hilse på de britiske hønsene og dukkerfører og instruktør Dominika Minkacz-Sira.

Video Gjør seg klar som slesk godseier

Gjør seg klar som slesk godseier

23. februar 2017
Tags: Video

– Det er gøy å spille skurk, spesielt når han er så morsom som Hazell, sier skuespiller Kristian Berg Jåtten.

Full fart med Danny

Full fart med Danny

21. februar 2017

Et dusin høner og hunder, flere tusen strå, tretti fasaner, et oppblåst godseier-bryst og gøyale biler – det er mye som skal sys og snekres til den spennende familieforestillingen «Danny og den store fasanjakten». 

Video Møt Danny

Møt Danny

16. februar 2017
Tags: Video

Mathias Igland Kausland og Håvard Aspelund skal bytte på å spille Danny i Roald Dahls flotte familieforestilling "Danny og den store Fasanjakten". Foretillingen har norgespremiere på Store Scene 1. mars. Møt de to 12-åringene i denne videoen.

En øvelse i å være menneske

En øvelse i å være menneske

02. februar 2017

Enhver bør se Hamlet på teatret minst én gang i løpet av sitt liv, synes regissør Stefan Larsson.

Video Hamlet - Trailer

Hamlet - Trailer

31. januar 2017
Tags: Video

HAMLET med Preben Hodneland i tittelrollen har premiere på Store Scene førstkommende lørdag. Med seg på scenen har han Bjørn Willberg Andersen, Ane Skumsvoll, Stine Robin Berg Hansen, Jonatan Filip, Karl Bomann-Larsen og Sverre Breivik. Regi er ved stjerneregissør Stefan Larsson.

Video Engler over Møhlenpris - teaser

Engler over Møhlenpris - teaser

24. januar 2017
Tags: Video

Engler over Møhlenpris har urpremiere i Teaterkjelleren 28. april. Her er musikerne i Bjørn "Bamse" Willberg Andersens musikkteater.

Merete Armand er død

Merete Armand er død

23. januar 2017

Det er med stor sorg at vi har mottatt nyheten om at skuespiller Merete Armand er gått bort, bare 61 år gammel, etter lengre tids sykdom.

Riv og slit i kvardagen

Riv og slit i kvardagen

19. januar 2017

– Det å bli foreldre kan vera fantastisk og utfordrande på same tid. Kjærleiken er stor, men avmakta kan vera stygg, seier Olaug Nilssen.

Audition 6. - 8. februar

Audition 6. - 8. februar

18. januar 2017
Tags: Audition

AUDITION PÅ DEN NATIONALE SCENE 6. - 8. februar kl. 17.00 i Sentralbadet!

Video 1 2 3 Nå begynner det! - Teaser

1 2 3 Nå begynner det! - Teaser

04. januar 2017
Tags: Video

«1, 2, 3 Nå begynner det!» er en interaktiv og visuell forestilling for de aller yngste barna. Her trylles fugler, hester og slanger frem gjennom trommevirvler og fløytetriller.

Ingen forestillinger