Les om: Latter midt i håpløsheten (BA)
Les om: Elegi over uforløst liv (BT)
Les om: Irsk komedie på Småscenen
Handlinga er sett til den fiktive byen Ballyberg i Irland, heimlandet til forfattaren. Her ser den vaksne Michael tilbake på sommaren då han var sju år og på ein oppvekst med einsleg mor og fire tanter. Bakteppet for historia er den årlege Lughnasafestivalen - ein irsk innhaustingsfest med røtter i keltiske riter.
Handlinga startar ein seinsommerdag i 1936. Fem ugifte og isolerte systre, Maggie, Agnes, Christina, Rose og Kate drøymer om kjærleiken og lengtar etter eventyr. Broren deira, Jack har akkurat kome heim frå eit opphald som misjonsprest i Afrika, der han har pådrege seg malaria. Fader Jack er sterkt prega av åra ute og strevar med å finne tilbake til si prestegjerning og sin plass som patriark i blant systrene.
Ein ny strikkefabrikk opnar i byen, og trugar inntektene til kvinnene. Samstundes fører den katolske kyrkja sin strenge moral til store konsekvensar for den atpiske Mundy familien.
Stykket gjev ei flott skildring av ei gruppe vaksne kvinner, deira von og deira draumar.
Forfattaren tek opp alvorlege tema som kontrastar mellom fattig og rik, og makta til den katolske kyrkja. Samstundes er historia full av humor, dans, mogen sensualitet og lystig irsk folkemusikk.
Regissør er danske Madeleine Røn Juul som er tildelt ei rekkje prisar for arbeidet sitt i Danmark, blant anna Teateranmeldernes Instruktørpris "Teaterkatten" (1991) og no seinast "Niels-Prisen" (2008).
Vi kan love deg ein teateropplevelse heilt utanom det vanlege.
Premiere på Småscenen 11. februar 2012.











Skriv ut



