Gjennom historie, historier og heilag tekst fortel Svein
Tindberg og regissør Kjetil Bang-Hansen om tre religionar; om
likskap og ulikskap. Åleine på scenen har Tindberg trekt fulle hus
på Hovudscenen til Det Norske Teatret i heile fjor haust og i
vår.
I dagens Europa, liksom i Midtausten, lever jødar, kristne og
muslimar tett innpå kvarandre. Det muslimske nærveret i Vest-Europa
er av relativ ny dato. Men både jødedom og islam har frå gammalt
vore ein integrert del av det elles kristne Europa. I Spania, på
Balkan og i delar av Aust-Europa har islam til tider vore den
dominerande makta, og jødane og dei kristne har levd som
minoritetar. I nyare tid har situasjonen for det meste vore omvend.
I dag lever eit aukande tal muslimar som minoritet i eit Europa som
er grunnleggjande prega av kristen kulturarv, og der fleirtalet
reknar seg som kristne.
Sameksistensen mellom Abrahams barn har vore konfliktfylt. Men
historia om jødar, kristne og muslimar i Europa er langt meir enn
konflikt. Det er også historia om ein fruktbar kulturell,
intellektuell og åndeleg vekselverknad, der dei tre religionane har
blitt rikare ved å leve tett innpå kvarandre.
- Å fortelje om grunnsteinane i den menneskelige kulturen på
scenen kan verke uoverkommeleg, seier Svein Tindberg om sitt arbeid
med desse tekstane. - Men på den andre sida er der ikkje så
komplisert som vi vil ha det til. Dette er gode historier! Mi
oppgåve er å fortelje ei god histore, med glimt i auget. Eg håpar
publikum går ut med eit smil om munnen, men òg med noko meir
kunnskap. Vi må vite litt om kvarandre om vi skal kunne bu saman.
Må vi ikkje?
Gjestespel frå Det Norske Teatret.
Premiere på Store Scene 23. oktober.
ABRAHAMS BARN
av Svein Tindberg
Regissør: Kjetil Bang-Hansen
Oversettelse av utvalgte tekster: Ola E. Bø
Scenografi: John-Kristian Alsaker
Lys: Ola Bråten
Dramaturg: Ola E. Bø
Med: Svein Tindberg
Skriv ut
